Synnøve Nupen


Biografi
Synnøve Nupen har kunstutdanninga si frå Ålesund Kunstskole og Grafikskolan i Stockholm. Ho mottok Norsk Kulturråds Debutantstipend i 2001 og er innkjøpt av Senja Næringshage og Søderleds Stadsdelsnemnd. Nupen har hatt separatutstillingar ved Galleri Nord i Finnsnes, Kafé Petit Paris i Moss og Porsgrunn og Galleri K16 i Ålesund. Ho har deltatt på fleire kollektivutstillingar, mellom anna sommarutstillinga i Ørsta Kunstlag i 2000, Sommarutstillinga hos Ta det Piano i Ålesund i 1998 og Juleutstillinga i Volda Kunstlag i 1997.
Tresnitt er favoritteknikken til Nupen. Ho har likevel laga ein motivserie med bamsar i pastell som fortel historier om dei to små borna hennar. Ho har jobba mykje med ein eigen tresnitteknikk som kallast japanske tresnitt, ein teknikk ho lærte i Stockholm. Dei japanske tresnitta er trykt på rosa bomullspapir eller kvitt rispapir, noko som gjev ein særeigen og spennande struktur og overflate til bileta. Med denne teknikken blir treplatene måla med pensel, og deretter trykt over til eit fukta papir ved hjelp av ein bambusdabb. Fordelen med japansk tresnitt er at det tørkar fort og er eit fysisk lettare arbeid enn når ein trykkjer i pressa.
- Kvar teknikk har sine fordelar og ulemper. Overflata vert glattare og blankare med olje, medan det japanske snittet og det spesielle papiret gjev flott struktur.
I denne teknikken har Nupen trykt ein serie stiliserte damer som poserer, tett opp til biletflata, med hendene og andleta heilt eller delvis skjult. Damene utgjer den største motivkrinsen hennar, og inspirasjon til motivet har ho henta frå store reklame- og moteplakatar i Stockholm.
- Eg trur det må ha vore ekstra mange av dei ute i gatene i Stockholm. Eg tykkjer det er så mykje uttrykk i dei, og ønskjer å fange noko av dette i bileta mine.[...] Det er mogleg at dei dansar. I alle fall viser dei seg fram, i eit ønskje om å bli sett. Eg trur alle har behov for å bli sett, og det er noko av det eg freistar å spegle med desse bileta.
CV
Utdanning | ||
---|---|---|
Ålesund Kunstskole | ||
Grafikskolan i Stockholm | ||
Separatutstilling (utvalg) | ||
Galleri Nord i Finnsnes | ||
Kafé Petit Paris i Moss og Porsgrunn | ||
Galleri K16 i Ålesund | ||
Gruppeutstilling (utvalg) | ||
2000 | Sommarutstillinga i Ørsta Kunstlag | |
1998 | Sommarutstillinga hos Ta det Piano i Ålesund | |
1997 | Juleutstillinga i Volda Kunstlag |
Kunstverkene

Frå Sunnmørsalpane

Nupa-dalen

Seglarkongen II

Seglarkongen

Skal ikke....III

Børringen

Eg eller du

Halde ut

Berre ein spurv II

Uten tittel

Diktaren Arvid Hanssen

Trøst II

Trøst I

Natt

Vi

Gabriell

Møte

Ivar Aasen

Håp

Tru

Mamma II

Sandkassa mi

Bamsemamma og BamsePia

Bamsemamma og BamseSilje

Mamma

Mamma

Sandkassa mi II

Skal ikkje...

Play dead

To

Skal ikke...
