Niclas Gulbrandsen
Niclas Gulbrandsen
Den høges tale I 1990 fekk grafikaren Niclas Gulbrandsen i oppdrag å illustrere noko frå eldre norsk litteratur. Valet fall på Håvamål - eitt av dei mest særmerkte minna frå heidensk tid. Håvamål betyr "den høges tale". Den høge er Odin, den fremste av dei norrøne gudane.
Håvamål er ei større samling med visdomsord, som truleg er henta frå ulike kjelder. Diktet er ein monolog og er det mest kjende og populære av Eddadikta. Diktet er fylt av visdom og kunnskap frå tida før kristendommen kom til Noreg, truleg rundt 800. Dikta vart overleverte muntleg og vart lærte utanåt, slik at tilhøyrarane skulle kunne desse viktige levereglane og sidan gje dei vidare til barna sine.
Håvamål gir råd om korleis vi skal omgåast. Talen rosar gjestfridom, måtehald og truskap, men formidlar også mistenksamheit og skepsis.
Guldbrandsen er grafikar og han har ofte late seg inspirere av litterære tekstar i arbeidet. Han er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole (1951-54) og Statens kunstakademi (1954-57). Han debuterte som målar i 1963 på ei gruppeutstilling der fleire målarar viste figurative bilete. Frå midten av 60-talet har tresnittet vore hans medium.
Niclas Gulbrandsen er en av våre fremste tresnittkunstnere. Han lager serier, og bildene handler fortrinnsvis om de sinnsstemninger som skapes når mennesker møtes - i ulike sammenhenger og settinger. Denne gangen har han valgt kafeen som felles ramme, men det er samspillet mellom de ulike mennesketypene som skildres. Han går tett innpå og kan være nådeløst avslørende, men den godmodig humoren er også tilstede. Niclas Gulbrandsen arbeider kun i sort-hvitt, og han har utviklet en personlig tresnittstil preget av forenklet skjæremåte og en fortettet fortellerform. Presisjon og innholdsmettet antydning er hans særmerke. Han er i dag denne genrens ubestridte norske mester.