Æve av Eva Laila Hilsen
Kunstnerens egen kommentar
Motivkommentar:
Tekstene er hentet fra romanen Naustet av Jon Fosse
Tekstene er satt i bly med 20 punkt Plantin, og trykket på Velin Arches Blanc 250 gram. Tilhørende tekst følger med hvert bilde.
Uro
Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, eg går ikkje ut.
Det var i sommar uroa kom over meg. Eg trefte Knut'en igjen. Eg hadde ikkje sett han på sikkert ti år. Knut'en og eg. Alltid var vi saman. Ei uro er kommen over meg. Eg veit ikkje kva der er, men uroa verker i den venstre armen, i fingrane. Eg går ikkje ut lenger. Eg veit ikkje kvifor, men det er fleire månader sidan eg sist var utom døra. Det er berre denne uroa
Naustet
Eg høyrer bølgjene slå og slå mot fjøra. Eg ser naustet. Eg høyrer bølgjene. Vi går utover mot naustet. Eg høyrer bølgjene slå mot fjøra. Eg forsøker å gå i bevegelse med bølgjene. Knut'en og eg går utover mot naustet.
Musikk
og i et friminutt på skulen bestemte Knut'en og eg oss for at vi skulle lage rockeband, i friminutt etter friminutt går vi for oss sjølve, går og planlegg, først mått vi vere fleire, måtte vere fire stykke, for i bandet vårt skulle det være to gitarar, elektriske gitarar, sjølvsagt, og så skulle det være bass og slagverk, og så måtte ein av oss synge, eller kanskje vi skulle ha ein eigen vokalist, i alle fall måtte vi ha mikrofon, så måtte vi ha høgtalarar, forsterkarar, mirkofonstativ, ledningar, så mykje måtte vi ha, og så måtte vi ha song
Møte
og kona hans, og Knut'en tenkjer at kona hans, ho såg på meg på den måten, no er ho ute på fjorden, fordi ho ville treffe meg, og eg tok meg ein sving uti bukta nedanfor huset til Knut'en og dei, ville vise henne at no reiste eg ut for å fiske, og så sette eg opp farten, køyrde innover fjorden, inn mot holmen, for sa eg ikkje nede i vegen, då vi treftes i dag, at eg pla dra inn til holmen, at det var der eg heldt meg når eg fiska
Draum
Vi går opp der, seier ho. Eg nøler. Kom igjen vel, seier ho. Men det er mørkt og masse støv der, seier eg. Det gjer vel ikkje noko. Eg blir ståande, og eg tenkjer at eg ikkje skulle ha sagt dette om naustet, skulle ikke ha gjort det, kvifor måtte eg seie det, berre tull å seie det. Kan ikkje gå inn i naustet.
Stengd
eg går ikkje ut lenger
eg går ikkje ut lenger
eg går ikkje ut lenger
eg går ikkje ut lenger
eg går ikkje ut lenger
eg går ikkje ut lenger
Æve
MOR TIL KNUT'EN HADDE SAGT AT DET MÅTTE NOK ENDE GALE
med kunne vi kanskje øve i naustet vårt