Synnøve Nupen
Rispapir, bomullspapir, småruter og raude fargefelt. Synnøve Nupen, ein ørsting i Troms, lagar japanske tresnitt med kvinner og bamsar i fokus.
Dei stiliserte damene poserer, tett opp til biletflata, med hendene og andleta heilt eller delvis skjult. - Det er mogleg at dei dansar, seier Synnøve Nupen. - I alle fall viser dei seg fram, i eit ønskje om å bli sett. Eg trur alle har behov for å bli sett, og det er noko av det eg freistar å spegle med desse bileta.
Eg tykkjer dei ser litt gammaldagse ut - dei er ikkje femtitalskvinner i badedrakt? - Det er mange som har sagt det, ler ho. - Det er ikkje slik eg har tenkt sjølv, men det er jo berre fint at folk kan lesa ting inn i bileta.
Reklame i Stockholm
Synnøve Nupen frå Ørsta er ei stillfaren og blid jente som alltid har drive med teikning, og som heile tida har eit bilete i hovudet. Kunst byrja ho likevel ikkje med før ho vart vaksen. Då ho var 21 år gamal tok ho to år med form og farge ved Ålesund Kunstskole. - Der fekk eg mykje tilbakemeldingar, og folk synte stor interesse for det eg gjorde. Eg kom òg inn på opptaksprøver ved Kunstakademiet. Dei positive reaksjonane var veldig inspirerande for å halde fram med kunsten, fortel Nupen, som no bur i Brøstadbotn på tredje året. Heime har ho både atelier og verkstad.
Etter kunstskulen byrja ho på Grafikskolan i Stockholm, der ho studerte frå 1997-2000. Her fann ho inspirasjon til damene som utgjer den største motivkrinsen hennar. - Damene er inspirert av dei store reklame- og motefotografia som eg trur det må ha vore ekstra mange av ute i gatene i Stockholm. Eg tykkjer det er så mykje uttrykk i dei, og ønskjer å fange noko av dette i bileta mine.
Forenkling og flater
Sikre komposisjonar og forenkla uttrykk pregar kvinnebileta til Nupen. – Då eg gjekk på Kunstskolen i Ålesund hadde eg Eva Laila Hilsen som lærar i grafikk. Av henne lærte eg utruleg mykje om teknikk og motiv. Ho terpa heile tida på forenkling, utsnitt og det å jobbe flate mot flate; komposisjonselement eg framleis held fast ved, fortel Nupen.
I Skal... er andletet til motivet gøymt bakom den eine armen, medan det er synleg i Skal ikkje... Utsnittet skjuler også hendene til begge kvinnene som er midt i ei rørsle, kanskje ein dans. - For meg handlar titlane Skal... og Skal ikkje... om det å ha mange val, kanskje nokre gonger for mange, forklarar kunstnaren. - Ein vert redd for å velja feil, og så endar ein kanskje opp med ikkje å velja i det heile, og det blir jo òg feil. Nokre gonger må ein berre gjera det; bestemme seg for ein ting og så setja det i verk.
Japanske tresnitt
Tresnitt er favoritteknikken til Nupen. Ho har likevel laga ein motivserie med bamsar i pastell som fortel historier om dei to små borna hennar.
- Eg likar godt å skjære i tre, og det gjev ein veldig fin struktur til biletet. Dessutan sleit eg fælt med teknikken då eg gjekk i Ålesund, men fekk det til slutt til. Det er noko med det, å meistre ein teknikk ein har strevd mykje med. Sidan då har tresnittet vore ein favoritteknikk. På grafikkskulen var det så utruleg mange teknikkar vi skulle lære. Men eg lika berre tresnittet, eg.
Bileta Skal... og Skal ikkje... er japanske tresnitt, ein teknikk ho lærte i Stockholm. Dei er trykt på rosa bomullspapir og kvitt rispapir, noko som gjev ein særeigen og spennande struktur og overflate til bileta. Med denne teknikken blir treplatene måla med pensel, og deretter trykt over til eit fukta papir ved hjelp av ein bambusdabb. Fordelen med japansk tresnitt er at det tørkar fort og er eit fysisk lettare arbeid enn når ein trykkjer i pressa.
- Eg har ikkje trykt i olje på fire-fem år, men byrjar med det att til hausten. Kvar teknikk har sine fordelar og ulemper. Overflata vert glattare og blankare med olje, medan det japanske snittet og det spesielle papiret gjev flott struktur.
Tekst Signy Norendal