Morten Juvet
Morten Juvet - Som i ei draumeverd
Aktuell Kunst har teke turen til Holmestrand for å møte kunstnaren Morten Juvet, men me får møte så mykje meir. Bileta til Juvet tek oss med inn i ei verd der det surrealistiske og underlige gjev oss moglegheit til å flykte frå det kjente og kvardagslige.
Etter ein time med tog frå Oslo og eit par minutt opp nokre bratte bakkar frå sjøkanten, køyrer me inn i eit idyllisk tun på garden Marienborg. Her har Morten Juvet budd omtrent heile sitt liv og det er også her han har sitt atelier.
Kona og tekstilkunstnaren Dorthe Herup har dekka opp eit innbjodande lunsjbord der me har utsikt over den flotte eigedomen kor eit tjugetals dåhjortar og nokre sauer går fredfullt og beiter.
- Det er derfor vi har de gående der, de er et hyggelig selskap rett og slett. I tillegg til å vera kunstnar driv odelsguten Juvet med oppdrett av dåhjort og har hundre fleire gåande i ein skog nokre kilometer unna, fortel kona.
Innandørs oppdagar ein også fort at dyr står sentralt i Juvets liv. Her heng trofear, sebraskinn ligg på golvet og ein utstoppa rev står lurt borti eit hjørne. Det kan høyres ut som ein kyrkjegard, men det kjennes meir som i eit eventyr.
- Dyrene har alltid vært der. Som liten var ønske å bli ornitolog, seier Juvet.
Slik skulle det ikkje bli, men dyr har fått ei viktig rolle i hans yrkesliv likevel. Det er difor ikkje mange menneske ein ser i Juvets biletlandskap, men dåhjorten, reven, fuglane, haren, elgen og ikkje minst sebraen er godt representert.
- Vi bodde et par år i Tanzania som har preget oss mye, og det er på den måten sebraen kom inn i bildene mine. Etterhvert måtte jeg finne på noe nytt, noe norskt, som kunne erstatte sebraens sort-hvite striper. Valget falt på bjørkeskogen.
- Og flugesoppen?
- Den var først mer som et dekorelement, men i ettertid har jeg funnet ut at den lever i symbiose med bjørka, det vil si at den er avhengig av bjørka.
- Korleis startar du med eit bilde?
- Jeg har som regel en idè. Man lagrer ting man har sett, hørt, opplevd og tar det frem igjen uten å være klar over det, men samtidig klar over det likevel. Mange kunsnere føler de maler på det samme bildet hele tiden, det føler ikke jeg. Jeg beveger meg videre fra forrige bilde, sakte.
Juvet starta tidlig si kunstnariske karriere. Allereie som 19-åring debuterte han med separatutstilling i Holmestrand som resulterte i 332 besøkande, men null sal. Dette skulle heldigvis ikkje bli ei trend. Juvet har ei imponerande og lang merittliste med utallige utstillingar i både inn- og utland. - Ja, jeg er kjøpt inn av det som er, smiler han lurt og noko blygt.
Sin eigen veg
Juvet gjekk under lære av Ludvig Eikaas på Kunstakademiet. Her gjekk han blandt anna i lag med Kjell Nupen og Magne Rudjord. Eikaas skal sjølv ha betegna denne klassa som ei eksperimentklasse.
- Eikaas var på ingen måte belærende i sin undervisning, men ga oss muligheten til å finne vårt eget spor, fortel Juvet.
Og sitt eiget spor har han så visst funne.
- Jeg syns det er viktig at folk kjenner igjen hvem som står bak kunstverket, understrekar han.
Igjen har han lukkast. Bjørkeskogen, flugesoppen, dyra, humoren, ironien, kommentaren og penselstrøket er svært karakteristisk. Når eg spør korleis han sjølv vil beskrive seg som kunstnar, hever han skuldrene og ler:
- En magisk romantiker!
Saman med studiekameratane Magne Rudjord og Petter Brønn danna Morten Juvet Gruppe Elg på 1970-tallet. Tre unge kunstnarar som med humor og fantasi utfordra både utstillingsrommet og publikum til debatt. Dei hadde sitt siste samarbeid i 1987, men Juvet smiler og seier at det skal ikkje stå på han for ein eventuell reunion.
Juvet er no i gang med eit anna samarbeidsprosjekt som skal stå ferdig i Stokke hausten 2008; "STI FOR ØYE". Her er kunstnarar frå inn- og utland samlast for å utsmykke ein to kilometer lang landskapssti med skulpturar i ulike størrelsar og materiale. Sjølve stien er laga av rombeporfyr, som Juvet kan fortelje er ein raudlig stein typisk for Vestfold.
- I dette prosjektet spiller jeg en dobbeltrolle, jeg er med i komiteen og skal selv bidra med skulpturer; 10-12 perlehønefjær opptil fire meter lange, laget i tre.
Ei anna verd
Me går ut på tunet igjen og opp i andre etasjen i kåreboligen der Juvet og Herup har galleri og atelier. Opp trappa slår det mot oss endå fleire trofear, og på toppen møter harepusane på flugesoppar oss velkomne inn i draumelandskapet. Det kjennes som å vandre rundt i eit anna univers her oppe. Eit pusterom for ettertanke der ein samtidig går rundt med eit smil om munnen. Ja, for det er mykje humor i Juvet sine bilete.
- Motivene kan ikke stå alene, det må være et poeng, en hale på det til slutt, forklarar Juvet og legg til at det er også er snev av populærkultur i bileta hans.
Kvar sommar i 10 år har ekteparet Juvet/Herup invitert og opna dørene for gjester. Då stiller dei ut det dei har produsert det siste året, byr på kaffe og ein hyggelig prat.
- I år har vi også planer om å servere dåhjort, tilføyer Juvet. Det er viktig for vertskapet at det skal vera noko nytt kvart år, både i sine eigne bidrag og med ein ny gjesteutstillar.
- Vi ønsker det skal være en ny opplevelse å komme hit, seier ekteparet omtrent i kor. Det er med godt samvit Aktuell Kunst kan anbefale å ta turen innom Marienborg ein av dei to seiste helgene i juli denne sommaren. God fornøyelse og god reise inn i draumeverda!
Tekst / foto Anne Vesaas