Den unge kunstnaren med dei gamle motiva
















Av Tekst Berit Oksfjellelv.
KUNST 3-2012: Johanne Svendsen fangar med kameraet sitt det som vil gli unna. Og kameraet er ikkje kva som helst, men eit gammalt våtplatekamera frå India.
Den unge kunstnaren med dei gamle motiva
MO I RANA (KUNST): I den nedlagte yrkesskulen i bydelen Selfors i Mo i Rana har kunstfotografen studioet sitt. Ho har nettopp pussa det opp når eg kjem på besøk til henne ein fredag i februar. Like utanfor vindusrekka renn Ranelva forbi, på nytt og på nytt.
- Elva forandrar seg kvar dag. Nokre dagar er det frostrøyk over heile elveflata, andre dagar kjem det seglande isflak forbi. Det er veldig inspirerande,
fortel Svendsen, som no vil etablere seg i heimbyen etter å ha budd rundt omkring og samla kunnskap og erfaring.
Fotografering er noko ho alltid har vore oppteken av. Ho har dessutan nærma seg faget teoretisk så vel som praktisk. I 2006 forsvarte ho mastergraden sin ved NTNU med ei oppgåve om fotografen Robert Collett, sonen til Camilla Collett, som var mest kjend som zoolog, men som gjorde eit stort og viktig pionerarbeid innan naturfotografiet. Denne masteroppgåva gav Norsk fotohistorisk forening ut som bok i skriftserien sin. Nyleg har ho dessutan avlagt fagbrev som fotograf, men det er den kunstnariske tilnærminga til faget som får all merksemda hennar no.
I dette lyse rommet ved elva har Johanne Svendsen starta eksperimenteringa med det som for henne er ein forholdsvis ny teknikk, men som historisk er ein gammal måte å feste bilete til papir på ved hjelp av lys, nemleg våtplatefotografering.
- Som ein del av læretida mi hos fotograf Ketil Born hadde eg eit tremånaders opphald i Barcelona i 2009. Der arbeidde eg ved Atelier Retaguardia som har spesialisert seg på våtplatefotografi. Det var der eg lærte teknikken. Quinn Jacobson, som er ein av dei fremste, kanskje den fremste fotografen som brukar denne teknikken, dukka òg opp der og delte av kunnskapen sin. Det er ei internasjonal bølgje der mellom andre den kjende fotografen Sally Mann har synt interesse for den tradisjonelle teknikken og søkjer å uttrykkje noko som ikkje let seg uttrykkje annleis.
Johanne syner meg korleis det gamle kameraet er bygd opp, og ho forklarer korleis det fungerer.
- Ein kan bruke glas eller metallplater som ein dyppar i sølvbad. Så set ein plata i kassetten medan ho enno er våt. Biletet festar seg til plata ved at ho blir eksponert for lys. Så tel ein sekund til biletet har festa seg akkurat slik det skal.
Ho fortel om utstyr og kjemikaliar som må til, og eg forstår at det er ein lang veg fram.
- Kva er så bra med denne teknikken at du vel å bruke så mykje tid og pengar på noko som kunne vore gjort kjapt og greitt med digitalkamera?
Johanne syner meg ei rekkje bilete ho har laga med våtplatekamera. Mellom anna eit sjølvportrett ho tok under opphaldet i Barcelona. Det er eit uvanleg skarpt bilete. Det ser ut som om fjeset til - Var det mykje sol i Barcelona?
spør eg Johanne før ho har rukke å svare på det førre spørsmålet mitt. Fjeset hennar no, nokre månader etterpå, er nemleg heilt fritt for frekner. Johanne står ut frå papiret. Og tett i tett er andletet dekt med frekner.
- Eg hadde kanskje litt meir frekner då enn no, men ikkje så mange som det ser ut for på biletet. Til denne fotograferinga krevst det mykje ultrafiolett lys, og dette lyset leitar fram pigment i huda som elles ikkje er synlege. Derfor kjem alle detaljar med på biletet, som for eksempel desse freknene som elles ligg gjømt under overflata på huda. Blå auge blir nesten kvite
, forklarer Johanne. - Eg synest det gjev meir ærlege bilete. Det er kanskje det beste svaret på det førre spørsmålet ditt. Og så er det så spennande å halde på med!
Etterspill
Johanne Svendsen kan òg vise til ein interessant produksjon av digital fotokunst. Den første separatutstillinga si heldt ho i Galleri Stensland - galleriet i optiker Stenslands venterom på Mo. Sidan vart same utstilling vist i Trondheim kunstforening i 2004. Utstillinga hadde tittelen Etterspill og bestod av fotografia til Svendsen med tekstar av Kristin Olsen. Her er biletet av den 100 år gamle mannen frå Cognac med.
- Eg var på ein workshop i Cognac i Frankrike i 2002 og var på ein gammalheim for å fotografere. Denne mannen, som var 100 år, men sprek, var veldig stolt av blomane sine og ville helst bli fotografert med dei. Men eg var mest interessert i andletet hans. Så etter å ha fotografert mange bilete av den blide mannen med blomane sine, fekk eg tatt dette, som eg er veldig glad i, fortel fotografen og peikar på biletet som heng på snora i studioet. Og etterpå ville han kysse meg!
Sidan har det vorte fleire utstillingar. Sommaren 2009 fekk Svendsen heiderleg omtale for biletet Magne som ho deltok med i ein nordisk portrettkonkurranse, Portræt nu! som har turnerte i heile Norden. Den danske avisa Politiken var generelt ikkje nøgd med nivået på dei utstilte bileta, men Johanne sitt bilete var eit av unntaka:
Andre steder på utstillingen er niveauet heldigvis en hel del højere, ikke mindst foran Marianne Darlén Solhaugstrands akvarel og Johanne Seines Svendsens fotografi af Magne. Her er nemlig tale om to unge, norske kunstnere, der både tør og formår at fremstille manden, set gennem en henholdsvis erotisk og forelsket optik. (Politiken, 13. juli, 2009).
Undregang
Johanne vekte oppsikt med utsmykkinga Undregangen i Mo i Rana sommaren 2009. Byen er delt i to av jernbanelina, som skil det nye sentrumet med gågata frå den gamle bydelen Moholmen som i si tid var sentrum av handelsstaden Mo, og som no ligg idyllisk til ved fjorden med sine pittoreske, gamle trehus. Ein forholdsvis ny undergang under jernbanelina knyter dei to bydelane i hop for fotgjengarane.
- Eg tenkte særleg på turistane som går gjennom undergangen for å komme til det finaste på Mo, Moholmen. Eg ville setje dei i ei spesiell stemning ved å smykke ut undergangen og gje dei noko å undre seg over. Så eg spurde kommunen om lov og fekk overraskande god respons. Dei tilsette i parkvesenet stilte opp for å hjelpe meg med opphenginga av bileta.
Heile sommaren 2009 hang serien med Mormors kjole og andre fotografi av Svendsen på vegger og tak i den elles så grå sementundergangen.
- Det var hyggeleg å få så mykje positiv respons for arbeidet mitt. Eg nådde eit anna og mykje større publikum enn om utstillinga hadde vore i eit galleri. I etterkant fekk eg e-postar frå folk som hadde sett utstillinga og ville kjøpe bilete, mellom anna frå ein amerikanar som hadde vore på ferie på Mo,
seier Johanne, og legg til: - I denne utstillinga var rommet ein vel så viktig del av verket som bileta sjølv, rekkjefølgja på dei og teksten som hørte til.
Medan vi sit og ser på dei rolege bileta frå utstillinga med den noko melankolske stemninga, med kjolen som er på veg bort, som vi ikkje får heilt taket på, blir det eit plutseleg rabalder frå andre sida av elva. Eit godstog med mange vogner durer forbi. Så er det like stille igjen.
- Du må komme tilbake igjen når eg har fått i drift studioet mitt skikkeleg, eg vil gjerne vise deg korleis våtplatefotograferinga fungerer i praksis og syne deg nye arbeid når eg er komme ordentleg i gang, det er berre mykje jobb som står att før det,
avsluttar Johanne for denne gong, og vi blir einige om eit nytt møte.
Besøket hos den unge kunstnaren med dei gamle motiva og den eldgamle fototeknikken har tydeleg gjort inntrykk på meg. Natta etter besøket drømte eg at at eg fann ein bunke gamle fotografi. Motiva var slektningar som ikkje lenger lever, landskap eg ikkje har sett på lenge. Men dei syntest berre så vidt, som svake omriss. For å framkalle desse motiva måtte eg spraye fiksativ på. Eg tok den boksen eg vanlegvis brukar på kolteikningar og skulle til å hente motiva fram frå gløymsla. Men akkurat idet eg skulle til å trykke på sprayboksen, gleid bileta av fotopapiret.
Besøk II
20. januar 2011:
Eg avlegg fotografen eit siste besøk i studioet hennar på Mo, før ho set kursen for godt mot Lofoten og eit kreativt miljø der. Etter eit år med mykje hardt arbeid har Johanne fått studioet tilpassa våtplatefotografering, ho har investert i mykje spesielt utstyr og har fått laga ein del bilete. Før ho flyttar det heile lenger nord, vil ho no syne meg korleis ho arbeider, og ho vil fortelje meg kva det er ho vil uttrykkje med desse bileta som ikkje let seg gjere med andre, meir lettvinte teknikkar.
- Det første eg gjer, er å preparere glaset etter å ha skore det til for hand. Er ikkje glasplata rein nok, vil ikkje kollodiumet feste på plata, og biletet kan falle av. Kollodiumet fungerer som eit lim som festar sølvet til plata. Eit støvkorn på glaset vil sjå ut som eit kulehol på det ferdige fotografiet. Derfor vaskar eg glaset to gonger, med to forskjellige vaskemiddel. Deretter pussar eg det med ei blanding av vatn, kalk og alkohol. Eg har prøvd ut forskjellige tørkepapir og har funne eit som ikkje støvar for mykje, vel å merke om eg klippar det av istadenfor å rive det. Eg pussar begge sidene fleire gonger til det ikkje er ein flekk att på det.
Johanne gnikkar og gnir, så tek ho på seg laboratoriefrakken og går inn i mørkerommet. Eg får vere med inn, men av omsyn til di eiga sikkerheit ber Johanne meg om ikkje å røre noko. Her er mange farlege kjemikaliar. Ho hellar ei blanding av kollodium, eter og alkohol på glasplata. Det må gjerast jamt og forsiktig. Så legg ho plata i ein lukka boks med sølvnitrat. Der skal plata liggje i tre minutt.
- Så treng eg ein modell
, seier Johanne.
Eg blir plassert i ein stol med nakkestøtte som Johanne har konstruert, slik at eg skal kunne halde hovudet i same positur under heile seansen. Ho ber meg fokusere på eit punkt i messinglinsa på det gamle, indiske kameraet av edelt treverk.
- Viss du flyttar blikket, blir biletet uklart. Du kan blunke, du kan puste, men du får ikkje røre ein muskel.
Johanne set inn ein kassett i kameraet med glasplata med den våte sølvnitraten. Så tek ho av linsedekselet som ho har laga av spesialbestilt geiteskinn. Det tek 15 sekund, så set ho dekselet på plass igjen. I løpet av dei 15 sekunda når eg å tenkje at slik var det når tippoldemor vart fotografert for over hundre år sidan. Slik kjende ho seg, høgtidsstemd og alvorleg. Slik eg konsentrerer meg om å halde blikket slik at fotografens arbeid ikkje skal vere forgjeves, slik konsentrerte tippoldemor seg på same viset. Men dette er no. Dette er contemporary heliography, som Johanne seier det heiter. Ho teiknar med sol. Denne kunsten krev UV-lys. Men i Nord-Noreg i januar er det berre ein liten augneblink midt på dagen det er nok UV-lys ute for å få festa eit godt nok bilete på glasplata. Derfor har Johanne bygd opp ein lysbank med kunstig UV-lys. 15 sekund i dette lyset er det som skal til for at andletet mitt festar seg på glasplata.
Vi går inn i mørkerommet og legg plata i framkallarvæska. Der ser vi andletet mitt tre fram. Eg har eit anna uttrykk enn eg nokon gong har sett på andre bilete. Eg ser at det er meg, likevel er det ikkje meg, slik eg kjenner meg.
- Vi ser aldri oss sjølv slik; konsentrert, avslappa. Dei fotoa vi er vane med, er augneblinksfoto. I motsetnad til desse er mine fotografi bilete av ein tilstand. Menneska som tilstand
, seier Johanne.
Men tilstanden varer ikkje lenge. Idet Johanne legg glasplata med biletet av meg i fikseringsvæska, glir det av glasplata. Akkurat som i draumen etter møtet i fjor. Biletet forsvinn berre. Vi prøver to gonger til. Likevel skjer det same; biletet sklir av. Johanne får ikkje festa sjela mi til glaset.
- Det er ein ekstrem tålmodigheitsprøve å drive med dette, og det er nok ei av årsakene til at vi ikkje er så mange som gjer det,
seier Johanne.
- Ved hjelp av denne teknikken får eg til å lage dei bileta som viser menneska slik dei er. UV-lys gjengjev gråtonar, viser underhuda og syner andleta på ein måte anna lyssetjing ikkje gjer. At modellen må sitje stille så lenge, gjer òg noko med det endelege biletet. Nokon ser strenge ut, andre får eit mildt uttrykk, men alle ser annleis ut enn dei gjer på eit augneblinksbilete. Eg vil ikkje at bileta mine skal sjå gamle ut, sjølv om det er ein gammal teknikk. Eg kler ikkje opp modellane mine i 1800-talskostyme, men vil vise menneske i dag slik dei er. Contemporary heliography. Det er dette som er essensen av fotografi.
Relaterte kunstverk

Guggenheim, Bilbao

Final Steps

Pastell

Shark Fin

Storm

Jostedalen

The Lodge At Vail

Welcome To Aspen

The Gold Digger Saloon

St Tropez

Brigitte

Flounders No 2 - Waterscapes Vol II

Hvaldimir No 4 - The White Whale

No. 39 - Arctic Jungle Vol. III

No. 36 - Arctic Jungle Vol. III

No. 34 - Arctic Jungle Vol. III

No. 51 - Arctic Jungle Vol. III

No. 35 - Arctic Jungle Vol. III

No. 22 - Arctic Jungle Vol. III

No. 16 - Arctic Jungle Vol. III

No. 12 - Arctic Jungle Vol. III

No. 10 - Arctic Jungle Vol. III

No. 25 - Cyclus Vol. IV

No. 6 - Cyclus Vol. IV

No. 3 - Cyclus Vol. IV

No. 18 - Fallen Vol. IV

No. 9 - Fallen Vol. IV

No. 1 - African Jungle Vol. II

No. 6 - Arctic Jungle Vol. II

Gold - Arctic Jungle Vol. I

Fargo (Josie)

Obscure Sphere (bok)

Ferrari II

Oil

More Peaky Blinders

Haaland

Otus Lettia

Scotopelia Peli

Tyto Glaucops

Tyto Alba

Asio Otus

Who let the dogs out?

Wet Wet Wet

Marshlands II

Snow Monster

Switzerland

I'm Not Fxxxing Leaving (B&W)

Shangri La

Cresta
